Årsmelding

side 2

velkomen

fiend og elskar

historie

rollar 2013

kart

billettar

program

informasjon

bilete

sponsorar

kontakt

omtale

årsmelding

Olav Handeland og Kari Bolstad var på val i 2009, tok gjenval. I 2010 er Erik Lidal, Reidunn Bolstad og Gjertrud Samland på val.

Styret, lokale aktørar og profesjonelle aktørar har vore svært positive og ivrige etter å få spelet sett opp att i 2009, etter det vellukka arrangementet i 2008. Resultatet i 2008 gav eit godt samarbeidsgrunnlag for å stå på for eit nytt spel i 2009.

Men i april 2009 måtte styret ta det vanskelege valet om å leggje bort planane om spel i 2009. Det var vemodig at ein ikkje fekk det til, men ein klarte ikkje å få nok midlar til å realisere spelet. Men me konstaterer at entusiasmen er stor til å setje opp att spelet i 2010.

Styret i stiftinga Fridtjov den Frøkne er svært takksame for den store interessa og viljen som vart vist for å støtta det historiske musikkspel fram til urframføringa i 2008. Rettar også ei stor takk til alle som gav positive signal om støtte til spelet i 2009, og vonar dei vil vera med vidare når spelet kjem att i 2010.

Eit slikt stort arrangement treng meir enn eitt år for å nå ut mot den store marknaden. Treng difor nokre år på seg for å få spelet til å bere seg sjølv økonomisk.

Første driftsåret var eit stort lyft med store investeringar, hardt arbeid og ein enorm dugnadsinnsats. Styret er svært nøgd med resultatet, og håpar at dugnadsgjengen vert med att i 2010 og at regionen ser verdien i eit slikt kulturarrangement som dekkjer fleire kommunar og er det einaste av sitt slag i regionen.