I 2008 var spelet så heldige å ha kjende stjerner som: Endre Hellestveit frå Varg Veum-filmane, Anders Dale frå Rogaland Teater, Frode Rasmussen, og ikkje minst Agnes Kittelsen som verkeleg vart stjerne gjennom Max Manus filmen.
Alle har sagt ja til å vere med att i 2010. Ikkje minst var me heldige òg med dei dyktige instruktørane, som alle har vist stor interesse til å vere med vidare. Når i tillegg instruktørar og profesjonelle skodespelarar understrekar at soga om Fridtjov den Frøkne har stort potensiale som teaterprodukt og gjennom andre produktutviklingstiltak, så gir dette styret pågangsmot til å stå på vidare!
Planlegginga av årets arrangement er i gang. Regissøren Agnete Haaland ser på innhaldet og vil bere Fridtjov mot nye høgder i 2010!
Etter styret si oppfatning er Fridtjovspelet eit arrangement som bør ha livets rett i lang tid framover. Ikkje berre er soga unik; den etterlèt seg ei rekke kulturminne og den har hatt ei enorm dragkraft og interesse både her i landet og internasjonalt.
Vangsnes, 14.2. 2010
Styret i Stiftinga Fridtjov den Frøkne