Fiend og elskar

velkomen

fiend og elskar

historie

rollar 2013

kart

billettar

program

informasjon

bilete

sponsorar

kontakt

omtale

årsmelding

–den dramatiske kjærleikshistoria om Fridtjov den frøkne og Ingebjørg, dotter til kong Bele.

Det dreiar seg om eit av dei mest vidkjende kjærleiksdrama i norsk bokheim. Denne riddarromanen frå norsk middelalder har inspirert så ulike personar som den svenske diktaren og biskopen Esaias Tegnér som skreiv Fridtjovs Saga, og keiser Wilhelm i begeistring over den romantiske vikingsoga let reise den mektige statuen på Vangsnes.

Det er kjærleiksdramaet melom Fridtjov og Ingebjørg, og konflikten inni personane som fasinerer mest. Den aller første kjærleiken, Ungdommens overmot – arroganse – som kolliderer med den vaksne verda sine krav og konvensjonar. Tvangsekteskap. To sterke personars kjærleikskonflikt.

Rolf Losnegård